Om oss

MARE vart etablert i 1999, og er lokalisert med hovudkontor i Ulsteinvik, sentralt i den maritime klynga på Sunnmøre. Vi er stolte over å vere ein profesjonell leverandør av redningsbåtar og bysser til den maritime industrien over heile verda. Med eit breitt spekter av høgkvalitetsprodukt er vi eit sikkert val for våre kundar.


MOB båtar
MARE har opparbeida seg ei unik kompetanse og brei erfaring. I over 20 år har vi utvikla, produsert og utstyrt redningsbåtar til den maritime industrien. Vi har designa og skreddarsydd meir enn 500 Mann-Over-Bord (MOB) båtar i ulike størrelsar og med tilpassa funksjonar, alt etter kunden sitt behov. MARE sitt kjennemerke er dei gule båtane og dei er alle i henhold til SOLAS-standard.

Bysser
MARE har levert komplette bysser og bysseutstyr sidan oppstarten i 1999. Gjennom desse åra har vi opparbeida oss ein portefølje av pålitelege produsentar som leverer produkt av høg kvalitet. Vårt team av ekspertar har lang erfaring og solid kompetanse, og står klare til å hjelpe deg med alle typar prosjekt innan bysse, vaskeri og kjøken.