Bysse

MARE har levert komplette bysser og bysseutstyr sidan oppstarten i 1999. Gjennom desse åra har vi opparbeida oss ein portefølje av pålitelege produsentar som leverer produkt av høg kvalitet. Vårt team av ekspertar har lang erfaring og solid kompetanse. Vi står klare til å hjelpe deg med alle typar prosjekt innan bysse, vaskeri og kjøken.

Ei bysse frå MARE blir tilpassa kunden sitt behov, og inkluderer full pakke av design og teknisk løysning, teknisk utstyr og alt nødvendig interiør (rustfrie stålbenkar, hyller m.m). Våre tilsette har brei erfaring frå bysselivet til sjøs, noko som gjer at MARE har den rette kompetansen til å kunne designe og utruste best mogeleg tilrettelagte bysser for våre kundar.

Hovudleverandørar:
METOS
NICRO
MIELE
RUSTFRIE BERGH