Mare Safety med ny kontrakt

Etter levering av ein brannbåt til Kristiansandregionen brann og redning IKS (KBR) har Mare Safety no sikra seg nok ei kontrakt. Denne gongen med Røde Kors i Hordaland.

– I august overleverte vi vår største båt nokon sinne til KBR. Ein avansert og velutstyrt brann og redningsbåt, som representerte ein ny modell frå Mare Safety. Det er alltid spanande med nye produksjonar, og vi var særs spente på om båten ville innfri forventningane. No har brannbåten vore i dagleg drift sidan overtakinga i Kristiansand, og tilbakemeldingane er eksepsjonelt gode, fortel CEO i Mare, Are Garshol. – Ekstra gledeleg er det då at vi allereie no har fått ei ny kontrakt på ein båt av same typen.   

Tilbodskonkurranse

Røde Kors i Hordaland (RKH) har ei sentral rolle med beredskapen på sjø i sin region. Då i godt samarbeid med andre redningstenester i området. Saman har dei sett behovet for ein ny og betre båt, og med kronerulling og innsamling det siste året har dei endeleg fått på plass midlar til ein ny redningsbåt.

– Prosessen med Røde Kors har pågått i snart to år. Det heile starta med ei marknadsundersøking i starten av 2020 der RKH bad potensielle båtleverandørar om å presentere sine produkt. Vidare vart det gjennomført ein tilbodskonkurranse, der det til slutt vart signert kontrakt med den utvalde leverandøren, fortel Torstein Teigene, produktsjef for båt i Mare Safety.

– Konkuransen i dette segmentet er svært hard, og vi var heile fem båtbyggjarar med til slutt. At Mare kom sigrande ut, grunnar nok i fleire moment. Først og fremst dei unike sjøeigenskapane til båten, kombinert med pris og kvalitet. I tillegg var det nok utslagsgjevande at kunden sjølv får påverke byggjeprosessen fram mot det endelege produktet, supplerer Teigene.

God aktivitet

Etter ein nedgang i aktivitet i 2020, har 2021 gitt Mare Safety eit nytt løft. Både innan båt og bysse har det vore god aktivitet på nysal og ettermarknad, trass noko laber aktivitet ved norske skipsverft.

– Vi er heldige som leverer produkt som ikkje er segmentspesifikke, og då worldwide. Det vil alltid vere slik at det er ulikheiter i aktivitetsnivået mellom dei forskjellige maritime segmenta, men felles for alle er at dei treng både bysse, vaskeri og redningsbåt – og det er der vi kjem inn og leverer kvalitet, avsluttar Are Garshol.

Les meir om oss her:
https://www.mare.no/
https://www.facebook.com/maresafety