Overlevering av Røde Kors-båt

Mare Safety tek sommarferie med god samvittigheit. Etter solid innsats med intens jobbing er redningsbåten til Hordaland Røde Kors, RC Bjørgvin, endeleg klar for levering.

Røde Kors- båt, RC Bjørgvin, på vei sørover frå Mare Safety i Ulsteinvik til Laksevåg i Bergen. Foto: Nanseth Media

– Dette er ei skute vi er veldig stolte av å levere frå oss. Ikkje berre har båten unike sjøeigenskapar, den vil også gjere det viktige arbeidet for Røde Kors i Hordaland meir effektivt, fortel dagleg leiar i Mare Safety, Are Garshol.

Aukande utrykking

Røde Kors i Hordaland er ein viktig del av beredskapen på sjø i sin region, der dei hjelper til i søk og direkte redningsaksjonar i sitt området. Berre det siste året har dei måtte rykke ut til langt fleire oppdrag enn året før, og oppdragsmengda er dessverre aukande.

– Nettopp derfor er det så ekstremt viktig at vi har ein båt som fungerer optimalt i alle situasjonar. Det har vi no fått, takka vere eit fantastisk samarbeid med Mare Safety, skryt Terje Hårvik, leiar for Røde Kors-båten i Hordaland.

– Etter 15 år har den gamle slitaren gjort jobben sin. Og med hjelp av kronerulling og innsamling dei siste åra fekk vi endeleg moglegheita til å investere i ein ny og meir kostnadseffektiv redningsbåt.

Perfekt jomfrutur

Båten vart overlevert frå Mare Safety torsdag 30/6 kl. 0900, og gjengen frå Røde Kors sette straks kursen direkte mot Bergen saman med Torstein Teigene, produktsjef for båtar i Mare Safety.

– Turen sørover gjekk over all forventing, både med tanke på vêrforhold og korleis båten presterte. Røde Kors hadde på førehand publisert reiseruta i sosiale media, noko som førte til mange skodelystne på bryggjer og nes langs kysten sørover. Ved alle stopp strøyma det til med besøkande. Blant anna hadde vi representantar frå fleire avdelingar i Redningsselskapet og andre redningsetatar, som gjerne ville slå av ein prat og sjå nærmare på den flotte båten til RK Hordaland, fortel Teigene.

Allereie i teneste

– Etter 9 timar på blikstille hav og i strålande sol, la båten til kai ved Røde Kors sitt anlegg i Laksevåg i Bergen. Her vart vi godt mottekne av ein stor velkomstkomité med norske flagg og grillfest på kaia. Men grillfesten blei kort. Allereie etter ein halvtimes landligge måtte båten i teneste for redningssentralen og ut på sitt første redningsoppdrag, fortset Torstein.

– På dette prosjektet har kunden aktivt vore med for å fremme sine krav og forventingar til båten. Deira kunnskap om redningsaksjonar på havet kombinert med Mare sin fleksibilitet og kunnskap til båtbygging har resultert i eit fantastisk verktøy, som vi meiner vil vere avgjerande i arbeidet med å redde mange liv til havs i åra som kjem. Vi gratulerer Røde Kors i Hordaland med Noreg sin råaste redningsbåt, avsluttar Are Garshol!

Ein perfekt jomfrutur for redningsbåten til Hordaland Røde Kors, RC Bjørgvin. Foto: Nanseth Media
RC Bjørgvin vel framme ved kai i Laksevåg. Allereie på utrykkning første dag.

Les meir om oss her:
https://www.mare.no/
https://www.facebook.com/maresafety