Ny kontrakt med Vard og Rem Offshore

Mare Safety seglar i medvind, og har nyleg signert kontrakt med verftskonsernet Vard, for leveranse av ein spesialbåt til Rem Offshore sitt nye vindfartøy.

– Vard skal byggje fleire slike konstruksjonsstøttefartøy (CSOV) til Rem Offshore si havvindsatsing. Desse skipa blir bygd for å støtte konstruksjon og vedlikehald av havvindturbinparkar, og vi er stolte av å kunne levere vårt kvalitetsprodukt som er spesielt tilpassa denne marknaden, fortel dagleg leiar i Mare Safety, Are Garshol.

Båten, ein Mare DC12WM, skal overleverast til Vard saman med davit på vårparten 2023, og produktsjef båt, Torstein Teigene, har berre lovord å seie om denne modellen.

– Dette er ein spesialbåt tilpassa transport av mannskap og utstyr mellom CSOV og vindturbinane. Båten oppfyller dei nye strenge utsleppskrava som EU har pålagt skipsindustrien (Tier III), og vi har også oppgradert den med mykje flott ekstrautstyr for betre ytelse og komfort, fortel Teigene.

Skaper kvalitet saman med kundane

Han er tydleg på at Mare Safety dei siste åra har jobba målretta mot å bli den føretrekte leverandøren av spesialbåtar til vindmarknaden. Denne bransjen stiller ekstraordinære krav til ytelse og haldbarheit, og Torstein meiner at spesielt modellen Mare DC12WM tilfredsstiller og utmerkar seg som eit kvalitetsprodukt her.

– Gjennom konstruktive tilbakemeldingar frå kundane våre har vi etter kvart skapt eit produkt som stiller i særklasse i dette segmentet. Det er gledeleg å sjå at arbeidet vi har lagt ned gir resultat, og at denne kontrakten med Vard, saman med andre leveransar innanfor dette segment, stadfestar Mare Safety sin anerkjente posisjon som leverandør av arbeidsbåtar til offshore wind.

Kommersiell sjef i Rem Offshore, Ronny Pål Kvalsvik, er heilt einig med Torstein her.  – Det er naturleg for oss å velje lokale leverandørar når dei leverer internasjonale produkt på dette nivået. Samtidig har Mare føretatt ei oppgradering og vidareutvikling av båten med både gyro-stabilisering og ikkje minst at den no tilfredsstiller utsleppskrava i IMO Tier III-føreskrifta. Dette er veldig viktig for oss, og gjer at vi er trygge på at Mare og DC12WM er det rette produktet for Rem.

– Mare leverte også ein spesialbåt til Rem Offshore i 2021. Det er ekstra gledeleg at lokale kundar kjem igjen og at Fosnavåg-reiarlaget no ynskjer fleire båtar av dette kaliberet. Det viser at vi gjer ting rett og leverer kvalitet, avsluttar Are Garshol.

Les meir om oss her:
https://www.mare.no/
https://www.facebook.com/maresafety