Solid og velutstyrt brannbåt overlevert

Brannbåt Mare DC 14 Fire Fighter, er den største vi har bygd nokon gong, og vi er særs stolte over det vi har fått til, seier dagleg leiar i Mare Safety, Are Garshol.

Brannvesenet for Kristiansandregionen

Det er ein avansert brann- og redningsbåt av typen Mare DC 14 Fire Fighter, som no har blitt overlevert til oppdragsgjevar, Kristiansandregionen brann og redning IKS (KBR).

– KBR er brannvesenet for Vennesla, Kristiansand, Lillesand og Birknes kommune. Dei jobbar kvar dag for å hindre at nokon skal omkome i brann eller ulykke. Vi i Mare er stolte over at vår brannbåt no skal bli nytta i dette livsviktige arbeidet, seier produktsjef i Mare, Torstein Teigene.

Han er audmjuk over oppdraget dei fekk for om lag eit år sidan.

Skreddarsydd

Vi i Mare er fleksible og flinke til å tilpasse og skreddarsy båtane etter kundane sine behov. Dette, i kombinasjon med gode referansar frå tidlegare leveransar i dette segmentet, var utslagsgjevande for at vi fekk dette oppdraget, poengterer han.

Og båten er så absolutt skreddarsydd, skyt Garshol inn. – Den er blant anna utstyrt med seks sitjeplassar. Der to av plassane er spesialtilpassa for dykkarane, slik at dei kan sitje med oksygenflaska festa på ryggen. Brannbåten har også fått installert det fremste utstyret innan framdrift. Det må til skal ein rekke fram i tide med ein såpass stor og tung båt. Den er 14,5 meter lang, 5 meter brei, og veg heile 14 tonn. Men med tusen hestekrefter klarer den likevel å yte nærare 40 knop. Båten er utstyrt med dynamisk posisjonering (DP), slik at båten i røff sjø kan halde seg heilt i ro.

Lokale krefter

– Det har også vore mykje lokale krefter i sving for å ferdigstille denne fantastiske båten, supplerer produktsjefen ivrig. – Vi har vår eiga avdeling på Larsnes som har lagt ned ein formidabel innsats med å finne dei gode løysingane saman med kunden. I tillegg er skroget produsert i Haugsbygda, styrehuset på Eggesbønes, dørene frå Libra Plast på Hareid og innreiing frå Rovde Møbel & Design. Det heile er supplert med ein råtøff refleksdekor frå designbyrået Tegneren i Ulsteinvik, avsluttar Torstein stolt.

Les meir om oss her:
https://www.mare.no/
https://www.facebook.com/maresafety