Newsfeed

🔆 Kvart femte år skal ein MOB-båt gjennom ei grundig overhaling.
Dette er ikkje valfritt vedlikehald, men eit krav frå det internasjonale regelverket, SOLAS.
🔆 Overhalinga omfattar demontering, testing og dokumentert kontroll av mellom anna motor, krok, impeller, anoder og sjølvopprettingssystem.
🔆 Mare har inne mellom 30 og 50 MOB-båtar til overhaling og service kvart år.
Med andre ord: Vi kjenner systema, prosedyrene og regelverket som høyrer til.
📷: Nanseth Media
... See MoreSee Less
- likes 20
- Shares: 7
- Comments: 0
0 CommentsComment on Facebook

🤔 Kva gjer du når du ikkje finn feilen? Du finn Chetnarong!
🔆 Servicemekanikaren med mirakuløs mekanisk intuisjon og eit usedvanleg godt humør. Han fiksar alt frå båt til bil, og har eige spisskammers i verktøyvogna si.
🔆 Ein viktig del av gjengen i Mare - både fagleg, sosialt og kulinarisk!
📷 Nanseth Media
... See MoreSee Less
1 CommentsComment on Facebook

🚤 600 båtar levert – same grunntanke heile vegen
🔆 Den robuste tankegongen frå dei første MOB-båtane har vore med oss heile vegen. Seigliva, solide båtar som varer! Dette har vore grunnlaget når vi dei siste 25 åra har utvikla nye modellar for ulike segment og bruksområde.
🔆 600 båtar seinare har vi levert alt frå enkle redningsbåtar i offshorenæringa til avanserte arbeidsbåtar i havbruksnæringa.
🔆 Fleire av dei første båtane er framleis i bruk. Det seier noko om grunntanken vår: Ein Mare-båt er bygd for å tole tøff bruk, i hardt vêr, over lang tid.
... See MoreSee Less
4 CommentsComment on Facebook
