Mare Safety med nye kontraktar

Boat

Tross ein krevjande marknad, har Mare Safety signert fleire nye kontraktar den siste tida. Både innan båt og bysse med nye og etablerte kundar.

Brannbåt

– Ja, dette er veldig stolte over, fortel dagleg leiar for selskapet, Are Garshol. – Ekstra kjekt er det at vi no overleverer vår største båt nokon sinne. Ein brannbåt av typen Mare DC 14 Fire Fighter, spesialbygd for å stette krava til oppdragsgjevar, Kristiansand Brann og Redning. Denne båten er godt utrusta for brann- og redningsteneste, med både røyk- og vassdykking, båretransport, samt vasskanonar med tilhøyrande brannpumpe, legg han til.

Produktsjefen for båt i Mare Safety, Torstein Teigene, er like audmjuk for oppdraget og supplerer;

– Gode referansar frå tidlegare leveransar i dette segmentet er grunnen til av vi nok ein gong er valt ut som den beste leverandøren. Vi i Mare er fleksible, og flinke til å tilpasse og skreddarsy båtane etter kundane sine behov. Dette trur eg nok har vore utslagsgjevande kriterium for at vi fekk dette oppdraget.

Brannbåt

Framleis akvitet innan olje og gass

Covid-19 har sjølvsagt sett sine spor for Mare Safety også, men i følgje dagleg leiar, er det framleis god aktivitet. Garshol fortel at dei i løpet av koronatida har inngått kontraktar på levering av MOB-båtar til både Odfjell Drilling og Aker BP. Begge etablert kundar.

– Dette er gode samarbeidsavtalar å ha gjennom ei slik krise. Samtidig har vi blant anna ein rammeavtale med Equinor, der vi over tid har levert om lag 35 redningsbåtar til ulike riggar. Og i oktober vil det bli levert ein til. Ein Mare GTC 900 2V til Kristin Plattforma på Haltenbanken, fortel Are ivrig.

– Kristin har vore i drift sidan 2003 og hadde behov for å oppgradere MOB- båten sin. Då var det spesielt gledeleg at dei kom til oss, og at det snart vil vere ein av våre båtar på denne plattforma, smiler han.

Bysser i inn- og utland

Det er ikkje berre på båtmarknaden det går bra for tida. Mare Safety har også signert fleire store kontraktar på bysser til fleire nybygg framover. – Vi vann fram i hard konkurranse og fekk oppdraget med å levere bysseinteriør til dei tre nye Kystvaktene som skal byggjast ved Vard, seier produktsjefen for bysse, Alexander Elvanes.

Han fortel vidare at Mare dei seinare åra har jobba meir og meir aktivt med å posisjonere seg inn mot norske interiørselskap, som også har aktivitet i utlandet. Dette har gitt effekt, og Mare Safety skal no levere bysser til fleire ferjer og fiskebåtar, med byggjestad i Tyrkia og Polen. – Ja, dette er flott, og ekstra kjekt er det at desse ferjene skal operere med vårt utsyr, mellom Molde-Vestnes og Festøy- Solevåg, seier Alexander stolt.

Elvanes er ivrig og har fleire kontraktar å kome med. – Trufaste kundar over lang tid gir resultat, slik som med Myklebust Verft og Aas Mek. Verksted. Her har vi dei seinaste månadene signert kontraktar for levering av bysser til brønnbåtar. Samtidig har vi levert bysser og vaskeri til fleire prosjekt ved Larsnes Mek. I tillegg til at Ulstein Verft sitt nybygg «Nexans Aurora» også kan smykke seg med ei flott bysse levert av Mare Safety, avsluttar han.

Tekst: SYTALAUST AS